
Kunstnarleg praksis
Eg arbeider med papirbaserte verk der papirserviettar frå 1930-talet og fram til i dag er både materiale og utgangspunkt. Gjennom dei siste femten åra har eg bygd opp eit omfattande arkiv av eldre serviettar, og materialet har blitt ein sentral del av den kunstnarlege praksisen min.
Eg er oppteken av korleis kvardagslege objekt kan fortelje om tid, levd liv og sosialt fellesskap. Serviettane er knytte til både kvardag og fest, heim og fellesskap. Eg tek utgangspunkt i det kjende og gjenkjennelege, men undersøker kva som skjer når mønster og motiv blir tekne ut av sin opphavlege samanheng og sette saman på nye måtar.
Serviettane blir klipte, rivne, forskyvne og lagde lag på lag. Gjennom repetisjon, rytme og forskyving oppstår nye strukturar og former, der det dekorative gradvis kan utvikle seg mot det abstrakte. Blomstermotiv går igjen som eit gjennomgåande element, men endrar karakter gjennom nye samanstillingar.
Arbeidsprosessen er langsam og intuitiv, og vekslar mellom kontroll og tilfeldigheiter. Det tynne papiret skaper djupne, lys, skuggar og skiftande overflater. Den langsame prosessen står i kontrast til eit samtidstempo prega av uro og stadig nye inntrykk.
Naturen er også ein viktig inspirasjon og motvekt i arbeidet mitt. Dei siste åra har eg utvikla praksisen mot meir romlege og tredimensjonale verk, og eg ønskjer å utforske dei skulpturelle eigenskapane i materialet vidare.
