Vaken draum
Vaken draum


Sissel Ruud (f. 1982) er oppvaksen på Jæren og bur i Sandnes. Ho arbeider som visuell kunstnar med kollasj som hovuduttrykk. Verka er bygde opp av fragment frå serviettsamlingar frå 1940-talet og fram til i dag. Prosessen er langsam og intuitiv, og vekslar mellom kaos og orden. Det skjøre og samansette står sentralt, både i uttrykket og tematikken. Ruud set saman mønster, tekstur og overflater på nye måtar, og undersøker korleis material og minne verkar saman. Naturen spelar ei viktig rolle, både som motiv og motvekt til ei uroleg verd. Ruud utfordrar gjennom lys, lag og lette materialar ideen om at ein må ropa høgt for å bli høyrt.